Lang dag på skulen

I dag har me nesten ikkje hatt lærar i det heile. Ikkje har me hatt nåke å gjere på heller. Einaste eg har gjort er å brenne ein CD med reklamefilmen eg har laga, og sett på "The Secret Life of the American Teenager". Egentli skulle me ha vore her til halv fire, men får heldigvis reise om eit kvarter.


//photobooth

- Annlaug : )

30.mai.2011 // 13:45 // Skule // Kommentarer (1)

Leaving town alive

Når klokka blir 12.00 skal eg gå fra skulen. Eg skal nemleg til Oslo, til pappa og Ranveig, og me har planar om å reise på segling. På søndagkveld kjem resten av 1MKA og 1MKB fordi me skal på klassetur til tigerstaden. Me reiser heim igjen på onsdag, og fram til då skal me innom NKR, Aftenposten, Heine-Onstad kunstsenter, Sara og Selma, og så ska me gå runt i hovudstaden og ta bilde til ei fotooppgåve me har fått. Sara og Selma er eit nytt show med Hege Schøyen, som skal sendast på NRK1 til hausten. I tillegg blir det ein del shopping og mykje god mat.

 

Me skal ligge i leiligheiter på Aker Brygge, og eg, Junie og Namitha skal bu saman. Lasse og Anders Maritn ska bu saman, men me kjem nok til å vere svært mykje saman alle fem. Me har planar om å ete frukost saman kvar dag, vertfall :)

 

Her er nokre bileter frå klasseturen i 10.










- Annlaug : )

29.apr.2011 // 09:35 // Skule // Kommentarer (0)

Naturfag in my heart

I måro har eg prøve i naturfag, så i dag har eg brukt mesteparten av tida på å lese om sofangar, solcelle, varmepumpe og generelt om energi... Kan ikkje sei at da har våre så kjempe kjekt, men må man så må man.

 


// meg - canon eos 550d + efs 17-85mm - photoshop cs5

 

- Annlaug : )

08.mar.2011 // 22:07 // Skule // Kommentarer (1)

"Where'd you go"

Jaja, eg seie ikkje meir, eg...



- Annlaug : )

18.feb.2011 // 11:44 // Skule // Kommentarer (1)

Når ein les og les og les...

På skulen har me hatt lesekonkurranse i ca 3 månader. Skulen vart delt i to: yrkisklassane mot kvarandre og studiespes/idrettsklassate mot kvarandre. Dei to klassane so vann fekk pizza på mandag. I tillegg fekk dei to elevane so hadde lest flest bøker, åleine, pizza saman med 1MKB so vann som klasse blandt yrkisane. Eg og Regine frå studiespesialiserande va dei to elevane so las mest som enkeltelevar, så i tillegg til pizza, fekk me hovudlykt. Då Namitha såg kva me fekk, braut ho ut "no kan dikkan lesa i mørke!" Ho e so søt, ho! : )


// Inge Kjell Holme - meg, Regine og rektor Marta


// Inge Kjell Holme - me fekk masse god pizza, og sia eg ikkje går i 1MKB, men 1MKA, så kunne eg frista resten av klassen min. Så snille so me va, so fekk dei kald pizza etter at me hadde ete oss mette.

 

- Annlaug : )

16.feb.2011 // 18:39 // Skule // Kommentarer (1)

Naturfag...

Må sei eg e blitt ganske lei naturfag! På ungdomsskulen syntest eg det va ganske kjekt, og eg lærte mykje, men no er det ikkje kjekt i det heile. I tillegg blir ting forklart på måtar som e innvikla og baklengse, i forhold til korleis ting vart forklart på ungdomsskulen, og korleis dei er skrive i boka...

Kapittelet me jobbar med no handlar om energi, og akkuratt no snakkar me om "solfangar".... Eg vil heim!

Q: Har ditt forhold til eit fag endra seg etter at du begynte på vidaregåande eller ungdomsskulen?

- Annlaug : )

09.feb.2011 // 14:12 // Skule // Kommentarer (0)

Når ein han matteprøve på ein torsdag

I går sat eg å øvde til matteprøve. Sat og rekna på pytagorass og lengd...



- Annlaug : )

27.jan.2011 // 09:19 // Skule // Kommentarer (3)

Photoshop

Har prøvd litt forskjellig i PhotoShop...











Q: Kan du mykje i photoshop?

-Annlaug : )

30.nov.2010 // 09:23 // Skule // Kommentarer (6)

I wear a halo when I look at you

For nokre månader sidan, fekk me i oppgåve å lage eit cd-cover. Me hadde eit par timar på oss, og me skulle bruke Illustrator for å bli betre kjent med programmet. Her er resultatet mitt:


Som dykk ser, valde eg "Halo" med Bethany Joy Galeotti, også kjent som Haley James Scott.

-Annlaug : )

26.nov.2010 // 18:28 // Skule // Kommentarer (11)

Matpakkevise

I matpausen på skulen i dag, fekk eg og Lene da veldig kjekt. Me sette på sangen "Matpakkevisa" som Knutsen og Ludvigsen har skrive. Då eg "la" den ut på facebook, begynte Lene skrive 1. vers i kommentarfeltet, og eg svarte med det 2. verset. Det enda opp med at det ikkje var fleire vers igjen av sangen, så Lene tok seg frihet til å lage nokre vers sjølv. Teksten passar ikkje heilt med melodien, men ho er så stolt av dei, så det får berre vere :P

Den femte den hadde eg dyppa i prim, den smakte som dritt som var rulla i lim...

Men helt aller sist kom en skive med no brunt, det var ikke nugatti, for d ekke sunt...!

-Annlaug : )

17.nov.2010 // 20:14 // Skule // Kommentarer (2)

Sovegrisen <3

Heihei!

Dette er Linn Marita. Ho e kjempe snill, men søve litt for masse :P

-Annlaug :)

16.nov.2010 // 14:52 // Skule // Kommentarer (2)

Kroppen Min...

No har me sett "Kroppen Min" av Margreth Olin. Spennande film, må eg sei...

Q: Har du sett "Kroppen Min"? Kva tykkjer du om den?

 

-Annlaug :D

04.okt.2010 // 10:14 // Skule // Kommentarer (3)

MacBook Pro

Innlegget vart skrive i går.

 


Endeleg fekk eg min etterlengta MacBook Pro. Me har venta på macane i ca 5 veke. Alle leverte inn kontrakt, første veka, og me skulle fått dei innen 1-2 veker, men neida... Heldigvis slepp me å vente lenger.

 






 

Har allereie lasta ned iTunes 10 og Spotify, så eg kan kosa meg med masse musikk!

 

-Annlaug :D

 

16.sep.2010 // 16:54 // Skule // Kommentarer (2)

Fotoprosjekt (23.08.2010)

I dag starta fotoprosjektet vårt. Me fekk utdelt kamera, gjekk saman to og to, og tre og tre, og tok mange, mange bileter. I begynnelsen var eg med Målfrid, Synne, Siri og Lene. Litt etter litt, forsvant Lene, men plutseleg var ho tilbake. Eg, Synne og Lene gjekk ned i hallen og tok ein del morosame bileter. Etter ein del bileter, gjekk me opp på ungdomsskulen og fekk eit blinkskudd av ei i 9. klasse. Me gjekk bort i bingen for å spørre Endre(lærar) om me kunne få ta bilete av dei som hadde gym der, men med ein gang han såg at me hadde kame og stod og såg på dei, da han "Dikka mao ha tillatelse før å ta bilde!". Etter tre år på den same ungdomsskulen, fekke eg eit godt inntrykk av Endre, men når han har gym med elevane, så blir han ganske sur. Me fekk nett prøve oss på stasjonær Mac, då me la bilda våre inn på dataen. Læraren vår stakk av, så då stakk eg, Synne, Målfrid, Siri og Lene inn på PhotoBooth, og hadde det særs moro. Ein kan sei at det vart ein del bileter, som etterkvert, havna på facebooken til Synne (link). 

Gruppebilete frå fotokurset med Thomas Morel. Ellers, so fekk me vita at det ikkje er sikkert at me får Mac-en denne veka. Det var visst litt styr og slikt med dei som skal ordne det. Men heldigvis, har me engasjerte lærarar som skal gjere sitt beste for at me får Mac-en iløpet av veke :D -Annlaug Q: Er du den fotogene-typen, eller tek du helst bileta?
24.aug.2010 // 20:36 // Skule // Kommentarer (0)

Ny start!

Eg har bestemt meg for å begynne å blogge igjen. Litt av grunnen er at eg begynte på Medium og Kommunikasjon på mandag. Så langt, har det våre veldig kjekt, og eg trur det kjem til å fortsette slik.

Eg går i klasse med 10 andre elevar, og på mandag begynner det ei ny jente i klassen som heiter Ida. Me som allereie har vore ein del ilag, har blitt "godt" kjende med kvarandre, men eg trur ikkje det blir vanskeleg for Ida å begynne med pss. Fleire av dei i klassen, kjende ingen då dei kom, men no snakkar alle med alle, og alle er med alle. 

På mandag skal me starte med eit fotoprosjekt, der me skal ta ulike portrettbilete. Det kan nok verte spanande. Neste veke, får me òg Mac-ane våre. 
Ein elskbar MacBook Pro på 13". Gjett om eg gledar meg.

Me talast om ikkje så veldig lenge : )

- Annlaug

Q: Kva linje starta du på? Kva er din erfaring med Mac?


22.aug.2010 // 13:56 // Skule // Kommentarer (0)
hits