Lang dag på skulen

I dag har me nesten ikkje hatt lærar i det heile. Ikkje har me hatt nåke å gjere på heller. Einaste eg har gjort er å brenne ein CD med reklamefilmen eg har laga, og sett på "The Secret Life of the American Teenager". Egentli skulle me ha vore her til halv fire, men får heldigvis reise om eit kvarter.


//photobooth

- Annlaug : )

30.mai.2011 // 13:45 // Skule // Kommentarer (1)

Sogndal Fotball

I kveld har eg vore på møte med Sogndal Fotball. Dei har inngått eit samarbeid med medialinja i Sogndal, og gir oss sjansen til å vere med å filme, fotografere, intervjue og slikt under og rundt kampane. Me var ein gjeng med 2. klassingar og 4 1. klassingar. Me delte oss inn i grupper, som me skal jobbe saman med. Det skal vere to grupper på kvar heimekamp. På søndag skal eg og Namitha fotografere kampen mellom Sogndal og Vålerenga.

Sogndal spelte foresten cupkamp mot Asker i dag, og vann 2-0, så me e vidare i cupen!

// sogndalfotball.no

- Annlaug : )

25.mai.2011 // 22:18 // Fotball // Kommentarer (0)

Tangled

E med i konkurranse på bloggen til Rebekka, der ein kan vinne To på Rømmen, blant anna! HER ligge konkrurransen!

- Annlaug : )


25.mai.2011 // 12:24 // TV/Film // Kommentarer (2)

Stikke på trening

Då stikke eg snart på trening. Har egentli ikkje tid, sia eg må jobba med engelskinnlevering som ska leverast på onsdag, og me i måro reise til Askvoll for å spela kamp. Har fått da til å gå, så får da vel til denna gange, òg. Spelte foresten kamp mot Hafslo på onsdag, og den enda 4-4.


// AnnHelen(trenar) canon eit eller anna + efs 18-200mm

- Annlaug : )

23.mai.2011 // 19:31 // Fotball // Kommentarer (0)

Matte på G

På onsdag har me tretimars matteprøve, engelsk og naturfag framføring, så helga har gått med til dette. I pausane har eg sett Home and Away, og mykje har skjedd på kort tid. Aden og Belle har gifta seg, Belle har dødd, og Ruby har fått vita at Charlie e mor hennar...

 


// meg - canon eos 550d + efs 17-85mm


- Annlaug : )

22.mai.2011 // 20:06 // Diverse // Kommentarer (3)

Kveldskos!

Noko av det beste eg veit, er å sette seg ned etter ein lang dag med ei skål med kiwi, ananas, mango og druer, i fanget!



// meg - canon eos 550d + efs 17-85mm - photochop cs5


- Annlaug : )

15.mai.2011 // 18:17 // Kos // Kommentarer (0)

One and the same

Ke bilde tykte du var finast?

 

Redigert// meg - canon eos 550d + efs 17-85mm - photoshop cs5

 

Uredigert

// meg - canon eos 550d + efs 17-85mm

 

- Annlaug : )

08.mai.2011 // 17:43 // Foto/Musikk // Kommentarer (0)

REMEMBERING!


// meg - photoshop cs5

 

- Annnlaug : )

08.mai.2011 // 14:46 // Feelings // Kommentarer (0)

I'm on top of the world!

Når me var ferdige med eit journalistspel me fekk prøva hos Aftenposten, fekk me lov til å gå opp på takterassen til bygningen, som var Postgirobygget. Utsikten fra toppen var heilt fantstisk! Dette vil eg gjere fleire gongar!

 


// Junie - Nikon eit eller anna + 18-200mm (?) - photoshop cs5

 

- Annlaug : )

07.mai.2011 // 21:40 // Kos // Kommentarer (0)

I am sailing

Om ikkje så lenge ska eg, pappa, Ranveig og Agnes på segling.Gleda meg! Har elska å segla sia eg prøvde da skikelig for første gang i 2009. I kvelg ska pappa og Ranveig køyra meg inn til byn, for då kjeme resten av 1MK, og me e offisielt på klassetur.


Bilde e fra sommaren 2009, når me va på segling.


- Annlaug : )

01.mai.2011 // 12:20 // Kos // Kommentarer (0)
hits